Tips til omdømmesatsing i kommunar
Det blir satsa stadig meir på omdømmebygging i kommunane i Norge og det er mange som lurer på kor dei skal byrje. Å motivere, inspirere og finne ut kor ein står kan vere eit greit utgangspunkt for vidare satsing.
Forventingar
Det er viktig at kommuneleiinga er motiverte og klare til å bidra - aller helst stå ansvarleg for satsinga. For omdømmebygging i kommunane handlar mykje om god kvalitet på tenestene, god kommunikasjon både innad og utad og styring av forventningar. (Omdømmet oppstår som kjent i skjæringspunktet mellom forventning og oppleving.)
Det handlar om menneske
Det handlar om møte mellom menneske, om kjensler og om oppfatninga til ulike interessegrupper. Dette er noko som interesserer stadig fleire, både bedrifter, politikarar og kommunar. Difor har vi fleire kommunar på kundelista - kommunar som vil trekke til seg fleire innbyggarar og investorar og få fornøgde innbyggarar/gode ambassadørar.
Tek tid
Vårt bodskap er at dette arbeidet tek tid og krefter - det krev innsats og kvalitet. Fikse slagord - som kræsjar med oppfatningar til folk flest - kan fort bli både komiske og provoserande. Vi kan ikkje vedta eit omdømme. Det er summen av våre eigne og andre sine opplevingar av oss som avgjer vårt omdømme. Blir vi frustrerte, sinna, glade, respektfulle? Holdningar og kjensler er mektige krefter. Media er særleg viktig, fordi media når mange interessegrupper samstundes. Det skadar ikkje å fortelle om kva som bør bli betre og ikkje minst - kva som allereie er bra!
Kommunar
Kommunane Flora, Høyanger, Stryn, Naustdal, Førde, Øygarden og Vanylven er på vår kundeliste. Også Distriktssenteret, Sunnmøre rådmannslag og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Her er kva rådmann, Einar Årset, i Vanylven skreiv etter at Anne-Mette Hjelle møtte politikarar og næringsselskap i september.
“Vanylven kommune har siste par åra hatt særskilt fokus på sitt omdømme - eit langsiktig arbeid, både med “indremedisinsk” fokus og overfor våre mange interessegrupper. I dette arbeidet har vi hatt god nytte av Anne-Mette Hjelle sin kunnskap, formidlingsevne og integritet. Både dei folkevalde og toppleiinga administrativt har hatt godt av rettleiing og nye tankar på vegen mot meir bevisst mediehandtering og ein meir samanhengande kommunikasjonsstrategi.” (Einar Vik Årset)
Førde og Måløy
Her er ein presentasjon Anne-Mette Hjelle heldt 5. oktober - for 180 lærarar i Førde kommune - om kva rolle skulen spelar i Førde sitt omdømme. Omdømmesatsing også i skulen?

I Førde finst prosjektet Førde Framover , som skal gje retning og energi i Førdesamfunnet. Måløy Vekst satte omdømmebygging på dagsorden på ope møte, ettersom dei ser at næringsutvikling ikkje er nok for å bli attraktive. Her var Førde Framover henta inn for å inspirere. Høyr føremiddagssendinga frå NRK Sogn og Fjordane, der Måløy Vekst etterlyste eit større innbyggarengasjement.
