Tenk over kva du skriv i sosiale medier


macPå åttitalet jobba eg i nærradio, og var akkurat ferdig med ei morgonsending då telefonen ringte. Det var ein kamerat. Sidan eg rekna med at praten kom til å bli langvarig, så kopla eg han via miksebordet slik at eg kunne snakke med han gjennom studiomikrofonen, og lytte til han på hovudtelefonane.

Vi snakka i ti minutt, og rett etter at eg hadde lagt på ringte telefonen att. Denne gongen var det mor mi, som sa at: ”Det var veldig artig å høyre på dykk karane, men var det meininga at det skulle kringkastast?”

Den hendinga lærte meg at eg alltid skal oppføre meg som om raudlyset står på og at mikrofonane formidlar alt direkte ut på lufta, sjølv om sendinga tilsynelatande er slått av.

Ny tabbe - på nett

Men det hindra meg likevel ikkje i å gjere same feilen att. Eg var så heldig at eg fekk arbeide med eit pilotprosjekt i utviklinga av nettsamfunnet Origo.no. Her kan ein melde seg inn i ulike soner, der nokre er opne for alle, og andre berre er synlege for medlemer. Ei nyoppretta sone vende seg til småbarnsfedre, og eg melde meg inn. Det var ikkje så mange medlemer der. Sidan eg umedvite hadde kjensla av at dette var ein sone som truleg ingen av mine næraste kom til å besøke, så røpte eg enkelte detaljar om eigne ungar. Heilt ufarlege opplysningar i og for seg, men dei kunne ha virka sårande på ungane når dei blir servert utanfor konteksten.

Dagen etter fekk eg min daglege epost om kva kretsen min har skrive på Origo. Eg vart heilt sveitt, og forsto at alle i kretsen min på Origo, inkludert min eigen familie, ville sjå nøyaktig kva eg hadde skrive i innlegget mitt på fedresona. Sidan eg hadde gått ein dag, så var det for seint å slette det. Men i og med at eg hadde direkteline inn til utviklarane av systemet, så ringte eg ein av dei. Dette var ein laurdag, og han skunda seg til næraste PC: ”Jeg iler”, sa han. Og så sletta han kommentaren min. Så heldig stilt er ikkje alle andre.

Oppseiing via Facebook

Ei stund hadde eg ei stilling med personalansvar for ei stor gruppe menneske. Fleire av dei hadde profil på Facebook, og eg vart invitert til t.d. fest. Ein Facebook-invitasjon til ein fest gjer at alle inviterte kan følgje med på samtalar som skjer på ”veggen” til tilskipinga. Fleire diskuterte seg imellom kven som kunne kome og ikkje kome. Så tok ein av deltakarane til å skrive at ho var sjuk, truleg ikkje kunne kome på festen, og tok til å gå i detaljar om legebesøket og anna relatert til sjukdomen.

Det var då svært til eksponering, tenkte eg. Som personalansvarleg hadde eg ikkje høyrt noko om dette.

Like etter kom det spørsmål frå ein av deltakarane korleis det går med ein annan av dei tilsette som har vore ute av jobben ei stund. ”Nei, etter det eg har høyrt har han ikkje planar om å kome attende til jobben etter friperioden”, var svaret. Nyttige og nye opplysningar for meg, men eg reagerte eg med følgjande: ”Til opplysning: Alt de skriv her på veggen er synleg for alle som er inviterte til festen. Inkludert meg.” Svaret var ”Oops”, og deretter vart det heilt stilt.

Men det finst heldigvis dei som har gjort tilsvarande men mykje større tabbar, t.d. i USA.

Dette var nok ei påminning om å oppføre meg som om raudlyset står på, uansett kor lukka ei gruppe, ei nettside eller ein samtale kjennest, i alle fall i det som gjeld sosiale nettsamfunn.

Tunga rett i munnen på epost

Men slike glippar kan skje også på epost. Eg hadde ein gong ein overordna som fekk ein epost frå ein kollega. Eposten hadde ti-tjue namn i kopi-feltet, blant anna mitt. Like etter fekk eg svar frå min overordna, stila til kollegaen min, der tredjepart vart kraftig rakka ned på. Eposten var tydeleg meint å berre vere mellom dei to. Men i og med at eg fekk den, og såg at alle dei andre ti-tjue fekk eposten fekk den, inkludert dei som var omtala svært negativt, så forstå eg at leiaren hadde klikka på ”Svar til alle” i staden for ”Svar” i epostlesaren sin.

Også på SMS kan slike glippar skje, når du sender til feil person.

Skrive av Arild Nybø.

Reblog this post [with Zemanta]
september 11, 2009 Kva tykkjer du om dette?Del på Origo.no
Lag bokmerke / Del

2 kommentarar

    Festleg, men skummelt å tenkje på.

  • Autofullfør på mobil er også skummelt. Sendte følgjande melding på nyttårsafta til mine foreldre, som forøvrig er avholdsfolk: “Godt Nytt år! Er glad i fyll!”

    Det skulle sjølvsagt være “…glad i dykk!”

    Fekk sjølvsagt ikkje noko svar, og oppdaga ikkje blunderen før etter nokre månader då eg tilfeldigvis gjekk gjennom nokre sendte meldinger.

Kommenter